FEMINALEN OG AKKS TRONDHEIM PRESENTERER:
Trondheim Calling-Vorspiel og Q&A med Samsaya!


Tid: Lørdag 4. februar kl. 18.00-19.30
Sted: Festivalbaren, Olavskvartalet.
Billett: Delegatpass til Trondheim Calling


Vi har fått med oss den kulaste dama i Trondheim denne helga, nemlig Samsaya. Ho driv sitt eige plateselskap i tillegg til å vere ein rå artist, og har nettopp turnert USA med Lily Allen. No er ho i byen for å spele på Trondheim Calling og for å prate om livet, døden og musikken med oss.
Vi fyller glaset til dei første som kjem og highfiver med resten!
Feminalen er ein årlig festival med fokus på kvinner i musikkbransjen. Bak Feminalen står ein gjeng damer som syns kultur er best når alle får plass.


Intervju av: Martha Våge (Feminalen)
 

Comment